Bettina Hvidevold Hystad, Galleri Blunk



View Slideshow

Bettina Hvidevold Hystad på Galleri Blunk, 09.-11.04.10

RETURNING WITH A MAP OF THE OTHER SIDE

Fra Galleri Blunk:

Arbeida til Bettina undersøkjer individet i kontrast mot samfunnet, og dei er ofte studiar av menneske i ein gitt situasjon og reaksjonane deira på dette. Dette kan vere menneske ho inviterar til å delta og/eller utstillingspublikumet. Viktige omgrep er sosiale rom, identitet, kommunikasjon, persepsjon, relasjonar, normer, roller og sosiale strukturar. Prosjekta tar utgangspunkt i erfaringa og oppfatning hennar av samfunnet, korleis ho prøver å forstå, fungere og tilpasse seg det. Møtepunktet mellom ho og dei inviterte er ein svært viktig faktor, og desse er avgjerande for korleis prosjekta vert utvikla. Resultata er konseptuelle verk, utforma som installasjonar, lyd, video, foto, performance eller happenings. Prosjekta testar personen hennar fysisk og psykisk ved å utfordre grenser og kapasitet.

"Returning with a map of the other side" kom til under eit ein måneders "kunstnaropphald" på Organhaus Art Space, Chongqing, Kina i januar 2010. Det tar utgangspunkt i kinesisk symbolisme og "hair pin" sermoniar. Før i tida fortalde frisyrar og håroppsettningar noko om posisjona og rolla ein hadde i samfunnet og det vart ein visualisering av samfunnets oppbyggning. Bettina skapte med utgangspunkt i dette sju hårhattar/skulpturar forma som ulike dyr. "Hårhattane" nyttar den tradisjonelle symbolikken som er knytta til dyr i Kina og dei ulike dyra representeret trekk i menneskets karrakter, til dømes løva står for styrke og mot og påfuglen, skjønnheit, verdigheit og berømmelse. Lokalbefolkninga i Chongqing blei inviterte til å komma til galleriet der det vart arrangsjerte nye hårsermoniar, dei fekk sjølv velge den personbeskrivinga som dei fann mest passande og fekk deretter hårhatten som representerte denne. Det var deretter tatt portrettbilder der Bettina utfordra menneska for å få fram deira personligheit og kroppspråk. 50 personer deltok i prosjektet og bilda blei valgt på grunnlag av førsteintrykket. Under møta vart så og sei all kommunikasjon gjordt gjennom kroppspråk og både Bettina og deltakerane vart tvungne til å finne nye måter og kommunisere og uttrykke sine personligheiter, ynskjer og idear på.

Bettina har tidligare vert aktuell med utstillingar i både innland og utland. I 2009 avslutta ho BA-grada si ved Kunsthøgskulen i Bergen avd akademiet og har etter dette hatt seperatutstillingar i Noreg, Sverige og Kina. I juli skal ho på eit to mnd kunstnaropphald i Kunming (Kina) og i oktober eit tre mnd kunstnaropphald i Kyoto (Japan).

 

Fotograf: Daniel Slåttnes


3 Comments

FreeCam: on 13.11.2018 21:09

Teste die super webcams. Free Livecam jetzt sofort live versuchen !

Huren: on 16.11.2018 01:21

Geniale Gratis Webcams immer live ankucken.

Videos: on 17.11.2018 03:16

Geile Free Livecams immer live ansehen.

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed