Skriv ut siden

Synleg blindsone

Kritikk Av Øyvind Rongevær Kvarme (03.09.2015 08:04 | Sist endret: 03.09.2015 13:37)

I desse dagar kan du sjå den AOL_1523institusjonskritiske vandreutstillinga I Nasjonalmuseets blindsone på Trondhjems kunstforening. I konteksten av fjorårets grunnlovsjubileum har Nasjonalmuseet tinga utstillinga frå ein ekstern part for å få eit ”kritisk blikk utanfrå” og slik kunne sjå seg sjølve og sin eigen praksis i eit anna ljos. Utstillinga syner ei rekke relasjonelle, sosialt engasjerte og politiske verk; verk som både tittelen på utstillinga antyder og kurator Samir M’kadmi meiner fell i Nasjonalmuseets ”blindsone”. Då utstillinga fyrst vart vist i hovudstaden i fjor skapa den debatt, eller rettare sagt: Det var ikkje sjølve utstillinga som vart debattert, men katalogteksten som M’kadmi sjølv produserte til utstillinga, og om denne var god eller ikkje. Katalogen var derimot ikkje å finne på Trondhjems kunstforening – om dette er eit medvitent grep eller om den berre har forsvunne på utstillinga si to-årige turné veit eg ikkje – uansett, vert det vanskeleg å uttale seg om verken form eller innhald, noko som kanskje er like greitt.

Likevel saknar eg noko samlande når eg AOL_1584rører meg rundt i lokala til Trondhjems kunstforening: For det meste består verka av ulike skjermar, med tilhøyrande øyretelefonar, som speler av dokumentasjon frå forskjellige relasjonelle og politiske verk av nyare dato. Mellom anna finn du videoverka Any Other Business (2011) der kunstnaren Nicoline van Harskamp iscenesettar omskrivne versjonar samfunnsdebattar, og dokumentasjon frå meir aksjonsbaserte verk som Atelier Populaire Oslo/Palestinerleir (2012). Den utvikla seg til ein leir utanfor Kulturkirken Jakob og bestod mellom anna av ein open workshop i Kunsthall Oslo, for å sette fokus på norsk asylpolitikk.

Det er ingenting å sei på verka som vert presentert; for dei er interessante og sterke. Eg sit igjen med ei kjensle av at eg både kunne og burde brukt meir tid på å studere dei – men kor er eigentleg kritikken i alt dette? Kritikken ligg i valet av typen verk, men òg i korleis desse verka vert presentert: For det er jo ingen løyndom at flyktige kunstverk, som reine performancer og hendingar, har utgjort ei utfordring for både arkivering og kunsthistorieskriving; då dei enkelt nok ikkje produserer – det presentasjonen av utstillinga skildrar som – ”unike og estetisk eksklusive objekter”. Då blir verk som dette avhengig av ein form for dokumentasjon eller reproduksjon for å bli inkludert i kunsthistorieskriving og ulike samlingar, men når alt kjem til stykke gjeld dette alle type verk: Utan høve for å kopiere eller reprodusere kunstverk til førelesningar og bøker ville ikkje kunsthistoriefaget – i alle fall slik me kjenner det i dag – vore mogleg. Slik handlar det eigentleg berre om kva høve ein har til å reprodusere ulike typar verk; så ved den ekstensive bruken av dokumentasjonsmateriale og måten den blir framstilla på svarer utstillinga delvis på si eiga problemstilling.

Ofte har me ei førestilling om at AOL_1512Rkritikk handlar om å finne og påpeike feil, og pålegge skuld. I fylgje teoretikaren Irit Rogoff har me rørt oss vekk frå ein slik praksis,1 og gått gjennom eit stadium der kritikk omhandlar det å analysere dei bakanforliggjande føresetjingane for feilen – ein form for dekonstruksjon, der ein tek noko frå kvarandre for å vise korleis det fungerer – til ein ny type kritikk som byggjer på dei to andre, men som likevel ynskjer å ta del i kulturen den analyserer. I motsetning til å stå på utsida, tar praksisen del i og brukar systemet sine eigne verkemiddel for å gjere endringar. Og det er vel akkurat slik verka som vert presentert her fungerer. Nasjonalmuseet ynskja eit kritisk blikk frå utsida og fekk ei utstilling som i hovudsak består av kunstverk som nyttar ulike former for deltaking eller samhandling som samfunnskritikk, og som med same mynt viser at denne typen verk står i ei ganske så synleg blindsone.

Eit siste poeng me kan ta med oss frå Rogoff er at ingen kan stå heilt utanfor det som skal kritiserast. Den mykje omtalte katalogteksten, der diskusjonen enda som ein nesten intern krangel, er eit godt døme på korleis det er nærast umogleg å lausrive seg frå si eiga sfære. Me er alle ein del av spetakkelet: Nasjonalmuseet, M’kadmi, kunstnarane, eg og denne teksten. Ingen av oss står utanfor og ser inn.


I Nasjonalmuseets Blindsone,
27.08 -25.10.15, Trondhjems kunstforening
Dokumentasjon fra utstillingen

1 Irit Rogoff, Looking Away: Participations in Visual Culture (117-135) i After Criticism: New Responses to Art and Performance, redigert av Gavin Butt, Oxford: Blackwell Publishing Ltd, 2005

 



Related news

No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed