Skriv ut siden

Nært og fjernt om kropp, stad og rom

Omtale Av Øyvind Rongevær Kvarme (15.09.2015 13:25 | Sist endret: 15.09.2015 15:35)

Som ein del av Kunstakademiet i Trondheim sitt fokusområde Art and Common Space arrangerte kunstnaren Lisa Stålpets og kunststipendiat Edvine Larssen seminaret The Near and the Elsewhere i Dokkhuset førre veke. Seminaret hadde som overordna ynskje å undersøke omgrepa stad og romslegheit gjennom ulike perspektiv og praksisar, men seminaret tok like mykje opp spørsmål om kropp, minner og erfaring.

Seminaret starta ved LindsaySeershjerneforskaren Ingvild Kruge, som til dagleg arbeider saman med dei Nobelprisvinnande forskarane May-Britt og Edvard Moser ved Kavli-instituttet; etterfylgd av ein av førelesarane innanfor faget Art and Common Space, Simon Harvey, og innlegg frå seminararrangørane sjølve. Etter seminarets pause fortalde arkitekt og kunstnar Katarina Bonnevier mellom anna om forskingsprosjektet Clubscenen der Bonnevier som ein del av kunstgruppa Mycket undersøker nattklubben som rom og aktivitet, gjennom å iscenesette historiske klubbar som har vore viktige for queer-kulturen. Det siste føredraget var ein presentasjon av den britiske kunstnaren Lindsay Seers, som gjennom sine filmverk undersøka staden både personleg og historisk; filmane konstruerer komplekse narrativ der fortida og utfallet er i konstant endring. Seminarprogrammet kan med andre ord skildrast som både omfattande og sprikande; med førelesningar som tok føre seg alt frå kunstnarpresentasjonar og teori, til fersk hjerneforsking og innlegg som rørte seg over til å bli reine performanceverk.


I det innleiande føredraget forklarte Kruge grundig korleis forståinga av rom er avgjerande for lagringa av minner i hjernen og korleis eit nettverk av celler konstruerer mentale kart av dei forskjellige romma me rører oss i. Som eit godt retorisk grep knyta Kruge det heile opp til det såkalla Frank Jacksons Knowledge Argument: Ein forskar spesialisert på korleis synet vårt fungerer og kva som skjer når me ser ulike fargar, har kun fått observere verda inni ein boks der alt er svart-kvitt. Brått blir forskaren sluppen ut i verda og får erfare fargar for fyrste gong – vil vedkommande lære noko nytt no? Kan me vite alt om verda utan å ha erfart den? Slik fungerte innlegget som startpunkt, då det rørte ved heilt grunnleggande spørsmål om korleis me oppfattar og orienterar oss i verda, både fysisk og mentalt.

Vidare fortalte Kruge korleis hjernen – som i utgangspunktet er veldig like hjå ulike skapningar– rett og slett kan endre seg strukturelt etter påverknad frå miljø og erfaring gjennom livslaupet. Noko av det som var interessant ved føredraget er kor samanvevd hjerneforskinga handterer det kulturelle og det fysiologiske. I eit historisk perspektiv har desse to einingane ofte blitt separert i to binære grupperingar, der kroppen og sansinga liksom står i kontrast til tanken og fornufta – natur versus miljø. Det er jo heller ikkje slik at kulturteoretikarar ikkje har skrive om kroppen, men ofte vert dikotomien oppretthaldt ved å framstille kroppen meir som kultur enn noko biologisk. Difor er det friande at eit kulturteoretisk seminar som dette anerkjenner at kroppen faktisk ikkje berre er det eine eller det andre, men både òg; at det er mogleg å diskutere kroppen utanfor ein slik todeling, og at erfaringane, minna våre og forståinga av oss sjølve er fundamentert like mykje fysiologisk som kulturelt.

Eit innlegg som tok dette på alvor var Edvine Larssen sitt performance-føredrag om forskinga si rundt det japanske konseptet MA: I den vestlege kulturen opererer me ofte med ei heller rigid forståing av rom, som ofte er konkret kategoriserte og avgrensa. I motsetning opnar omgrepet MA til ei meir mobil og fleirtydig forståing av romslegheit, då det ikkje berre refererer til rom, men òg mellomrom, pause, intervall og spenning. Kledd i ein svart minimalistisk kjole, stripete strømpebukse og knallraude briller las Larssen opp med monoton, men likevel rytmisk stemme, innlegget sitt frå kvite A4-ark. I løpet av føredraget rørde ho seg punktvis rundt på scena. Etter å ha lest ferdig ei side la ho frå seg arket på staden og gjekk vidare til eit anna punkt. Slik var føredraget ikkje berre ei språkleg formidling av eit kunstnarleg forskingsarbeid, men òg ei kroppsleg og performativ framstilling av konseptet MA – eller som Larssen sjølv poengterte: At ein kan ikkje få ei fullstendig forståing av ordet berre ved å lese om det. Slik kan performance-føredraget sjåast på som eit direkte svar på Kruge sitt retoriske spørsmål.


For å summere rørde The Near and the Elsewhere seg mellom det nære og det fjerne innanfor dei – bokstavleg talt – romslege konsepta stad og romslegheit. Desse rørslene, som utgjorde både krumsprang og bestemte steg, skapte rom der dei ulike innlegga fekk høve til å tale seg i mellom – om dette vart formidla som språk er ein annan sak.



Related news

No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed