Skriv ut siden

Kurt Johannessen - om det tilfeldige

Intervju Av Marit Aronsson (02.09.2013 16:52 | Sist endret: 04.09.2013 10:37)

Om jag skulle sammanfatta Kurt ALK_7021xJohannessens konstnärsskap skulle jag blanda lekfull fluxuskonst, absurd teater ála Beckett, zenbuddhistisk närvaro och filosofipoetisk stand up; allt detta på melodisk västlandsdialekt och nynorsk. Han har en markant position inom performancekonsten i Norden och är annars känd för sina teckningar och Artists Books, vilka han presenterade i onsdags på Lademoen Kunstnerverksteder. I torsdags öppnade hans retrospektiva utställning Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise på Trondhjems Kunstforening. Jag träffade honom för en intervju.


MA: Jag får intryck av att du jobbar utifrån lust och nyfikenhet. Processen är öppen och lekfull, och idéerna verkar aldrig ta slut. För att upprätthålla ett sådant flöde kan man ju inte vara för kritisk. Kan du beskriva din arbetsprocess, och är du lika trogen alla idéer som poppar upp?

KJ: På atelieret sit eg og lyttar til musikk, tenkjer og rabblar ned alt som fell meg inn i skissebøker. Dei fungerer som ein slags landingsplass for idear. Alt vert ikkje brukt, men alt er like viktig. Dei tinga eg kikar på og får lyst til å gå inn i, held eg fram med. Så finn eg ei form, eller ein måte å skriv på og då kjem det av seg sjølv. Eg har lært meg å vera ganske avslappa på det. Idear må kome naturleg og eg kan ikkje pressa meg for å gjenta suksessar, som til dømes boka Øvingar som selde veldig bra.

Untitled-2xEg blir òg endra av prosjekta mine, som til dømes boka Fotball med meir. Den fortel ei rar og surrealistisk historie og er full av kaos: Ho består av ein masse teikningar, avstikkarar med foto og anna, og har eit hav av fotnotar. Alt fekk vera med. Framgangsmåten med boka var eigentleg heilt motsett av måten eg hadde arbeidd på fram til då. Før fotballprosjektet var arbeida mine stille, rolege, meditative, litt zen. Eg veit ikkje kvifor det blei så kaotisk. Eg vart sjølv veldig overraska. Det opna opp for ein heilt annan måte å tenkje på og det var herleg. Boka fall litt mellom to stolar for dei som er interesserte i fotball er vanlegvis ikkje interesserte i kultur, og omvendt. Eg skjøna ikkje det før lenge etter, men det var veldig morosamt å oppdage at det var slik, sjølv om den kommersielle suksessen ikkje stod i høve til den store optimismen under arbeidet.

MA: Genomgående i dina verk är motsatser och kontraster. Många verk är dessutom gjorda i par, och böckernas uppslag har alla två sidor. Du verkar kunna släppa kontrollen helt, som när du tecknade flera tusen elefanter med förbundna ögon. Vad är det vi kommer i kontakt med när vi tappar kontrollen i en skapandeprocess?

KJ: Sidan 2005 har eg vore veldig inne i kaos. Då forstod eg heilt reelt den sommarfugleffekten: Det at ein liten ting påverkar det store. Eg hugsar eg tenkte at eigentleg er jo alt sånt, utruleg komplekst. Ikkje kaotisk, men komplekst.

ALK_7032xI skapinga har ein jo ingen kontroll. Det handlar om å sleppe kontrollen, det er jo der det er gøy å vere. Alt det me kan har me ikkje noko bruk for når me skal skapa noko nytt. Eg opplever at det ikkje handlar om meg i en skapingsprosess. Prosessen er det viktigaste, eg er berre heldig og får vere med. Eg går inn i noko. Det heiter jo å ein idé; det er ikkje noko ein sjølv lagar. Kreativitet har ikkje noko med intellekt å gjere. Det ein veit er berre i vegen for å skape noko verkeleg nytt. Intellektet nyttar ein når ein skal rydde opp i dette nye. Det er rart at det ikkje blir snakka meir om kreative prosessar på kunstskular. Samtidig er det mykje om teori og intellektuell forståing. Ein skal formulere seg og skrive om arbeida alt for tidleg. Ein skjønar jo uansett ikkje kva ein driv med før etter mange år. Det tar jo tid. Ein må få surra rundt ei stund utan å vite kor ein ska hen. Den beste erfaring er jo gjennom handling. I kunsten som i livet.

Eg skreiv eit debattinnlegg i Bergens Tidene om korleis kunstutdanninga meir og meir teoretiseras, og at eg ønskja å fremje at kunstnarisk arbeid handlar om å vere i ein prosess, ikkje teori. Eg skreiv til dømes om ein veldig flott dokumentar om David Lynch kor han ringjer Jeremy Irons og skal beskriva eit filmmanus som er heilt kaotisk og uforståeleg. Han visste ikkje sjølv korleis manuset skulle utviklast. Irons, på si side, forstod heilt sikkert ingenting, men ville delta i prosjektet. Lynch var heilt inne i eit kreativt kaos, og Irons stolte på den prosessen utan å forstå den. Det er flott å ikkje vita kva ein held på med. Eg avslutta debattinnlegget med: Stol på meg, eg veit ikkje kva eg gjer! noko eg føler har mykje å gjere med det å vere kunstnar.

MA: Många av dina performancer har rituella handlingsmönster, och flera av dem och dina böcker bygger på repetition. I boken Pust instruerar du läsaren att andas in och ut, närmast som en meditationsanvisning. Vilket förhållande har du till religion och andlighet?

KJ: Eg er ikkje religiøs, og er ute av ALK_6920xstatskyrkja. Men eg tykjer jo om buddhismen men har ikkje lest så mykje. Og eg lurar veldig på det med Gud. Kva Gud er, om det er noko, er Gud slik menneska framstiller Gud. Gud er ofte med i tekstar, og ofte på en absurd og rar måte. Eg driv ikkje med meditasjon eller noko slikt, men eg spring mykje og spellar fotball. Det er veldig ok både fysisk og mentalt, det klarnar opp i hovudet og eg får idear.

Eg var i Japan 1996 og det kjendes som å koma heim. Då var eg veldig inne i det stramme og stille. Nå er eg mykje meir leiken. Då oppsøkte eg sånt som var veldig 'ein' og presis. Men så skjøna eg med dei kaotiske tinga i fotballboka at det er jo ikkje noko som er slik. Ingenting er perfekt. I alle fall ikkje noko av det menneskelagde. Me er betre på å klumse og å rota ting til. Med den fotballboka gjorde eg plutseleg noko heilt opp-ned, som ein surrealistisk vitskapeleg russerevy. Nasane byrja snakke og gjorde narr av oss. Nasen til Espen i boka, hetsa meg som biletkunstnar. 

MA: Du har haft en period med stilla, koncentrerade och strama arbeten, och en med kaotiska och lekfulla. Hur tror du att det kommer utvecklas nu?

KJ: Det veit eg ikkje. No arbeider eg på serien Om noko, der eg går inn i ulike tema og undersøkjer dei på ein intuitiv måte – pust, det utan meining, det inste og tankar, som er utgjeve. Eg kjem med to bøker til: Om tid og Om potensial og energi. Boka om potensial og energi blir nesten som ei slags tilvertingssoge, eg begynner på bar bakke. Etter kvart blir tinga meir og meir komplekse, korleis energi utviklar seg. Endring er til stades uavbroten. Eg har i det siste vore opptatt av Henri Bergson (fransk filosof 1859-1941 red. anm.). Han er veldig opptatt av det han kallar varigheit. Han avfeiar vitskap då den måler og deler opp tida, og ein vil då miste heilskapen. Han er veldig opptatt av den kreative bevegelsen. Å finne han er og litt som å kome heim, finne nokon som har ord på noko ein prøver røre ved. Vitskapen deler opp, måler og fastslår, og alt det der. Verda er jo ikkje slik. Vitskapen er berre ein av mange måtar å sanse det omkring oss på. Den viser oss mykje, men samstundes har den sin avgrensing. Verda er meir. Verda er i konstant rørsle og me er ein del av den.

Kurt Johannessens Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise står tom 22. september 2013 i Trondhjems Kunstforening. Kuratert av Frode Sandvik, KODE Bergen



Related news

No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed