Skriv ut siden

Kunstnaren som kunnskapsberar

Omtale Av Øyvind Rongevær Kvarme (16.11.2015 12:49 | Sist endret: 18.04.2016 12:09)

I samband med si kommande utstilling, Screen Shot 2015-11-16 at 10.09.40Weaving Fabrics for Suits, besøkte tekstilkunstnaren Franz Petter Schmidt nylig Trøndelag Senter for Samtidskunst for å fortelje om stipendiatprosjektet sitt Textile Traces –der utstillinga utgjer siste steg i prosjektet. Som stipendiat i programmet for kunstnarisk utviklingsarbeid ved avdelinga for kunst og handverk ved Kunsthøgskulen i Oslo har Schmidt fokusert på norsk tekstilindustri og historia knyta til denne industrien. Både føredraget og den kommande utstillinga er ein del av markeringa av Norske Kunsthandtverkarar sitt 40-årsjubileum og passar godt inn i programmet til TSSK, som sjølv har hatt fleire tekstilkunstnarar innanfor dørene i det siste.

Som mange kunstnarar før han byrjar Schmidt med å fortelje om bakgrunnen sin. At han har sveinebrev i herreskreddarfaget, hovudfag i tekstil frå KHIO og vid erfaring frå tekstilproduksjon og norsk tekstilindustri. Men utover i føredraget vert det tydeleg at dette er meir enn berre å presentere seg sjølv: For det er akkurat kunnskapen, eller mangelen på kunnskap, som står fram som ei kjerne i prosjektet.

Screen Shot 2015-11-16 at 10.10.43Textile Traces tar utgangspunkt i Schmidt si eiga erfaring frå å arbeide ved Sjølingstad Uldvarefabrikk utanfor Mandal. Han skisserar for oss ei historie om oppbygging, etablering, avvikling og til slutt omgjering til eit slags levande museum. Det er interessant korleis historia ofte framstiller industrialiseringa frå midten av 1800-talet – som desse fabrikkane kan sjåast som eit resultat av – som årsak for store endringar i arbeidsforhold, framandgjering, og ikkje minst tap av kunnskap. Tap av lærdom om korleis ein gjorde ting før fabrikkane tok over. No er det derimot veveria sjølve som har måtta lida for ei utvikling der både fabrikkane og lærdommen om dei har vorten overflødig; mykje av norsk tekstilindustri har vore offer for outsourcing. Ved dei store veveriene er produksjonen stoppa for fleire år sidan og kunnskapen om drifta ligg hjå nokre fåtal menneskje som i dag er i pensjonsalder. Spørsmåla Schmidt stiller er: Kva skjer med desse fabrikkane og maskineriet som står igjen, og kva skjer med kunnskapen om dei?

Gjennom prosjektet har Schmidt reist tilbake til Sjølingstad og eit liknande veveri ved Lillehammer for å grave fram historia om desse stadane, men òg for å ta i bruk historia og kunnskapen som ligg der for å attskape tekstilar og materiale frå arkiva. Og det er her prosjektet får ein ny dimensjon: Det er ikkje berre viktig å å fortelje historia om desse stadane og slik gjere kunnskapen tilgjengeleg, men for Schmidt handlar det om å tileigne seg denne kunnskapen for å kunne drive det heile vidare.

Screen Shot 2015-11-16 at 10.11.05Ved fyrste augnekast kan altså Textile Traces framstå som eit slags proteksjonistisk prosjekt, der målet er å halde liv i og verne om ein nasjonal industri frå å forsvinne fullstendig til utanlandske aktørar – og det er nok ikkje feil det – men etterkvart som Schmidt fortel skin det gjennom at dette ikkje berre er eit politisk prosjekt, men at kunstnaren har eit grunnleggjande personleg og nærmast romantisk forhold til tekstilindustrihistoria, sjølve tekstilproduksjonen, og ikkje minst produkta som er resultat av denne prosessen.

Metoden til Schmidt omhandlar å bruke tid ved desse stadane, bli kjend med menneska som sit med kunnskapen, og å prøve og feile til han har lært kva som skal til å for å bruke dei ulike maskinane og produsere dei ulike stoffa. Dette er like mykje eit personleg engasjement som ein slags historisk forskarinteresse. Prosjektet treff nok ei nerve i tida, med tanke på den vaksande interessa for kor og korleis kleda me har på oss er produsert, men Textile Traces stiller òg spørsmål kring korleis me tek til oss lærdom; når gjer ein noko til kunnskap? Og når vert ein sjølv kjelde for denne kunnskapen?

For Schmidt er denne tileigninga i relasjon til kroppen. Til dømes fortel han om kor viktig det er for han korleis stoffa er å ta på og korleis dei ferdigsydde kleda kjennes på kroppen. Det er òg slik prosjektet tar opp korleis me vurderer verdien av objekta me omgir oss med. For ein treng ikkje ha eit like romantisk blikk som kunstnaren for å forstå at ting er ikkje alltid berre er ting; dei kan representere ei historie, eller ein tradisjon, kven me er eller ynskjer å vere.

Prosjektet og den kommande utstillinga er nok ein hyllest til tekstilindustrien i Noreg, men samtidig eit vitnesbyrd om Franz Petter Schmidt sitt engasjement og korleis kunstnaren har investert tid og krefter ved veveria for å ha kunne gjort ein utdøyande kunnskap sin eigen.

Weaving Fabrics for Suits blir å se på Trøndelag Senter for Samtidskunst til våren.



Related news

No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed