Skriv ut siden

Kunstnaren som historikar (og produsent av minner)

Kritikk Av Øyvind Rongevær Kvarme (09.04.2015 08:04 | Sist endret: 09.04.2015 12:14)

I samband med forskingsprogrammet divisions og satsinga 10 working days vart seminaret Fishing in the sea of debt arrangert i Kunsthall Trondheim sine lokalar. Seminaret vart leia av kunstnaren Sven Augustijnen og kurator Corinne Diserens, og hadde i fylgje programmet eit ynskje om å undersøke Hannah Ryggen sine veggtepper i ein dagsaktuell kontekst. Ryggen brukte veggteppa sine til å kommentere hendingar i si eiga levetid; ei tid som var prega av politisk ekstremisme, økonomisk og idealistisk krise, og krig – som til tider kan vere skremmande lik vår eigen.

 

IMG_5123Under sjølve seminaret vart det produsert ei rekke konnotasjonar, ulike samanhengar og narrativ å fylgje: Allereie kvelden før seminaret vart filmen Spectres av Augustijnen vist, ein ”dokumentar” som undersøker kva som hendte under avrettinga av den fyrste statsministeren i Den demokratiske republikken Kongo, Patrice Lumumba, i 1961. Filmen vart syna som ein del av den pågåande utstillinga Summer Thoughts; som på si side viser fem brev frå Sven Augustijnen til kuratoren Marta Kuzma – ho som var ansvarleg for at Ryggen vart stilla ut på dOCUMENTA (13) i 2012 – og eit filmklipp frå eit spansk tv-program der ein Belgisk nazist, som hadde flykta frå Noreg etter krigen, vert intervjua.

 

Meir konkret var seminaret tredelt (om ein ikkje reknar med filmvisninga kvelden før): Fyrste del gjekk ut på at Augustijnen og Diserens presenterte ulike konnotasjonar, tankar og samanhengar mellom dei ulike historiske hendingane, verka og kunstnarane. Andre del føregjekk på det Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum der deltakarane fekk høyre om Hannah Ryggen sitt liv og kunstnarskap. Siste del var ei syning av filmane OH ! UOMO og Diana’s Looking Glass av kunstnarane Yervant Gianikian og Angela Ricchi Lucchi, som vart etterfølgd av ei skypesamtale med dei to.

 

Det var altså ikkje mangel på retningar å gå eller linjer å trekke under seminaret, men det er kanskje akkurat ein slik narrativ kompleksitet som er poenget: For det som er felles for både Augustijnen og Ryggen er at dei ikkje behandlar historia som ei rekke objektive hendingar som ligg der på rekke og rad med éi sanning klar for å trekkast fram; dei derimot (for)tolkar hendingane som ein del av, eller med utgangspunkt i, sine eigne personlege narrativ – der tilfeldige samanslutningar og misforståingar kan oppstå.

 

Ta til dømes filmen Spectres 10258922_460747060747598_852148868729609900_nsom undersøker kva som hendte under mordet på Patrice Lumumba i 1961. Det interessante er kanskje ikkje kva filmen finn ut om sjølve hendinga, men heller kva den syner oss. For gjennom filmen vert det tydeleg at både minner og fakta om hendinga kan dekkast over, manipulerast, rett og slett misforståast eller verta gløymd. Det er òg slik kunstnaren får ei rolle som historikar, eller sagt med andre ord, ein produsent av minner: Då kunstnaren ikkje har som mål å oppsøke ei mest mogleg truverdig eller sann fortelling, men heller kan trekke sine eigne linjer, knyte saman hendingar, fortolke dei og synleggjere desse strukturane.

 

Eit anna døme verdt å trekke fram i denne samanhengen er kunstnar Omer Fast sin film Spielberg´s List frå 2003. Ti år etter at Spielbergs klassikar Schindler´s List var framsynt, reiste Fast til staden filmen vart laga: Konsentrasjonsleiren Plaszow i utkanten av Krakow, Polen. Her fins det framleis delar av det som vart brukt som kulissar i filmen. I Fast sine opptak frå leiren er det vanskeleg å skilje mellom dei verkelege bygningane og kulissane brukt i filmen; og då kunstnaren intervjua eldre menneske som budde i nabolaget, som òg hadde vore statistar i Schindlers List, avslører desse samtalane at menneska blandar saman kva som skjedde i 1940 med det som skjer i Schindlers List. Denne overlappinga av minner, produsert av ein film, påpeiker kor stor påverkingskraft kulturelle produkt har på forståinga av historiske hendingar.

 

Dei fem breva frå Augustijnen IMG_5102til Kuzma opererer i same gate. Breva adresserer historiske hendingar, diskuterer dei og misforstår dei – på same måte som me alle gjer når me skriv til kvarandre i ein personleg stil. Slik synleggjer Augustijnen korleis alle historiske kjelder vert utfordra av det same problemet: Dei er òg basert på personlege vitnesbyrd og eit flyktig minne – og kven veit om breva i seg sjølv er ekte.

 

Seminaret tok sikte på å sjå Hannah Ryggen sine veggtepper i ljos av dagsaktuelle tema ved å produsere fleire rekker av konnotasjonar og samanhengar, store og små narrativ – som ikkje peika i ei retning, men heller utgjorde eit samansurium linjer i fortid og notid. Slik handla det kanskje meir om korleis kunstnarar adresserar seg til fortida, og tar rolle som ein historikar for å peike på korleis minner vert konstruert – og slik kan kanskje sjølve seminaret sjåast på som ei øving i akkurat dette.

 

Fishing in the sea of debt foregikk 26. mars og var et samarbeide mellom KiT NTNU og Kunsthall Trondheim. Les også Divisions of Labour



Related news

No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed