Skriv ut siden

Kunsten treng deg, og det er no me treng kunsten

Kommentar Av Øyvind Rongevær Kvarme (21.11.2016 09:50 | Sist endret: 21.11.2016 11:26)

Er det rom for ein kunstnarisk _DSC1258prosess som ofte inkluderer ei tidkrevjande produksjon i samfunnsdebatten? Eller kjem kunstnarens kommentar forsinka og i ettertid? Dette var dei innleiande spørsmåla då det Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Ørland og Bjugn Kunstforening inviterte til seminaret Kunstnerisk mot i en umiddelbar tid. Sjølv om seminaret vart arrangert i forbindelse med årets versjon av Hannah Ryggen Triennalen ved blant anna Kunstindustrimuseet, fann seminaret stad i Kunsthall Trondheim, iscenesatt av den ferske opningsutstillinga this is a political (painting).

I seminarets introduksjon minna direktør ved NKIM, Åshild Adsen, om korleis me i dag er vitne til ein aukande grad av profesjonalisert politikk, der stadig fleire avgjersler blir gjort i lukka rom. Når moglegheita til delaktigheit i ulike politiske spørsmål vert mindre, er det viktig at dagens kunstnarar ikkje er redd for å reise seg og stå for kva dei meiner, appellerte Adsen. Eit supplerande perspektiv vart presentert av Helena Holmberg, direktør ved Kunsthall Trondheim, som delte tankane rundt kunsthallen si opningsutstilling: Korleis eit personleg engasjement og ei voksande uro for det som skjer i verda utvikla seg til ideen om ei utstilling som diskuterer kroppen sin plass i samfunnet. Ei utstilling som ytrar si meining, ikkje ved å rope høgast eller ved å ta i bruk ein formanande peikefinger, men gjennom dei verkemidla den nyttar og korleis den kan erfarast.

Neste på programmet var kunsthistorikar, kurator og kritikar Marit Paasche som gav publikum innsikt i prosessen bak boka Hannah Ryggen. En fri. Paasche hadde starta på prosjektet med ein idé om å ikkje skrive om Hannah Ryggen, men om kunsten hennar. Ønsket var å skrive ei bok med eit kunstfagleg perspektiv som framheva Ryggens kunstnariske kvalitetar, framfør å skrive ein biografi; men i løpet av arbeidet oppdaga forfattaren kor utfordrande dette var, og fann seg sjølv i klinsj med både eigne og fagfeltet sine fordommar. For ofte blir kunst skriven om, som om den produserast og eksisterer uavhengig av både liv og samfunn – om kunsten skal vere autonom må den eksistere i si eiga boble, følgje sine eigne reglar og forklarast frå ein allereie opplyst posisjon.

Screen Shot 2016-11-21 at 10.17.08SYNSMASKINEN, ei forskingsoppgåve og eit gruppeprosjekt av Frans Jacobi ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen, blei presentert av co-research leader og høgskulelektor Åse Løvgren. Det sjølverklærte kunstnar-konglomeratet har som mål å undersøke heile sju ulike politiske kriser i samtida. Samtidig er prosjektet delt i to kategoriar, der SYN skildrar den kunstnariske aktiviteten, medan MASKIN dokumenterer forskingsbiten av prosjektet – noko som vert visualisert om ein vitjar prosjektet si heimeside. For å skildre noko av det gruppa jobbar med brukte Løvgren 20 minuttar på å vise filmen BURST; ein film som diskuterer klima ved å kombinere faktisk forsking med mytologi og politisk satire. Eit anna medlem av forskingsprosjektet, professor ved Kunstakademiet i Trondheim, Michelle Teran var òg tilstade for å fortelje om korleis ho hjalp ei gruppe spanske aktivistar, ved å omsetje til engelsk ein steg-for-steg guide om korleis ein okkuperer hus.

Som eit stadlaust prosjekt som heller ikkje kan knytast til éin kunstnar eller ei konkret gruppe, verkar SYNSMASKINEN omfattande og forvirrande. I eit forsøk på å forstå meir vitja eg prosjektet si heimeside; sjølv om intensjonen om å synleggjere kunstnariske metodar og prosessar er god og viktig, vert den logg-liknande dokumentasjonsbiten overveldande. Her må ein ta seg god tid for å manøvrere gjennom ulike filter for få sortert innhaldet – spørsmålet er vel om personar både i og utanfor fagfeltet tar seg den tida.

Mot slutten av seminaret vart innleggshaldarane, Marit Paasche, Åse Løvgren og Michelle Teran, samla for samtale med Eline Bjerkan, kunstkritikar og redaksjonsmedlem i ArtScene Trondheim. Dei vart fort einsemd om at problemet ikkje var at kunsten som kommentar kom for seint i samfunnsdebatten – slik som seminarets overordna tema antyda – men at det heller var snakk om eit distribusjonsproblem. Eit poeng som vart gjort smerteleg klart når Paasche spurte kven i salen som arbeida med kunst til vanleg og meir eller mindre alle rakk opp handa.

_DSC1228Eit seminar med denne tittelen kunne likevel ikkje vore meir relevant; med eskalerande politisk skarpe motsetningar i verda, toppa med ferske valresultat i USA, som innset Donald Trump som landets president. Dei stadige påstandande om at poliseringa i samfunnet er mistenkeleg lik mellomkrigstida, gjer at ytre forhold ikkje lenger kan haldast avskilt frå kunstsfæren: Kunstnarautonomien er i høgste grad oppe til debatt. Sjølv om ein kanskje ikkje bør vere overraska over at eit slikt seminar ikkje har så mange deltakarar utanfor det profesjonelle kulturlivet når det finn stad ein torsdag i normal arbeidstid, er det likevel eit kontinuerleg problem at samtalane om kunst og dei problemstillingane den tar opp blir verande mellom kunstnarar og kunstteoretikarar. Det blir raskt eit spørsmål om kven som har høve til å oppleve kunst og når.

Likevel kan det ikkje berre _DSC2927handle om konkret fysisk tilgjengelegheit – for kultur eksisterer ikkje berre på ettermiddagar og i helger. Det kan bli fristande å legge skylda på publikum, for burde ein ikkje kunne krevje noko av dei òg? Jo, som alle delar av samfunnet krev kunsten delaktighet for å fungere, men det handlar og om å gjere ”vårt” rom til eit felles rom, som Paasche formulerte det.

Dette betyr ikkje at kunsten nødvendigvis skal drive propaganda frå no av, kunst kan vere samfunnsengasjert utan å stå i politikkens teneste: Det politiske potensiale ligg i dei verktya kunsten nyttar. Eit godt døme er Claire Fontaines Foreigners Everywhere som nett no definerar kunsthallen. Kunst blir politisk gjennom dei romma den skapar; korleis erfaringane her skil seg frå det ordinære, korleis den forskyv persepsjon, identitet og roller – men utan nokon som inntar desse romma mistar kunsten sitt viktigaste reiskap.

Kunsten treng deg, og det er no me treng kunsten.

 
Seminaret Kunstnerisk mot i en umiddelbar tid foregikk 3. november 2016,
i Kunsthall Trondheim, som en del av Hannah Ryggen-triennalen 2016 Vi lever på en stjerne,
kuratert av Erzsen Shkololli, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Ørland Kultursenter



Related news

No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed