Skriv ut siden

Isbreen pustar

Intervju Av Marit Aronsson (06.03.2017 09:05 | Sist endret: 06.03.2017 12:02)

Randi Nygård är aktuell med utställningen Isbreen pustar mens vi leitar etter den arktiske tåka på Trøndelag Senter for Samtidskunst. I sitt sökande efter ett meningsfullt samband mellan språk, natur och vetenskap hittar hon oväntade kopplingar mellan t. ex. glaciärer, bokpärmar och djupa pannveck, och mellan ord som börjar på str och sin sons växt. Hon har lagt papper på glaciärer och gnuggat med kol så att isens mönster plötsligt kommit till syne, som ett eget språk. Hon har skurit ut mönster i flera lager av speglar, där vi kan se oss själva och omgivningen blandas på olika sätt beroende på varifrån vi betraktar det. Hon har skurit i böcker och fört samman motiven från de olika sidorna till nya, som i sin tur bildar halvabstrakta collageskulpturer. Helheten är större än summan av de enskilda delarna. Hon säger: I prosessen søker eg meining, og det handlar ikkje om meg, men jeg søker inn i materiala, i bøker, språk eller kva det no er, etter ei vital kraft. Eg tenker at eg ser verket, men at det ser tilbake på meg óg.


Hur kommer det sig att Screen Shot 2017-03-06 at 08.47.13din utställning heter Isbreen pustar mens vi leitar etter den arktiske tåka?

Tittelen kjem frå videoverket som er med i utstillinga. Lydsporet inneheld korte utdrag frå to intervju som eg gjorde med to forskarar på Svalbard, då eg budde i Norske Billedkunstnarar si hytta i Ny-Ålesund. Ein av forskarane fortel at isen pustar på grunn av de mange mikroorganismane som lever i den, mens den andre undersøker det som på engelsk heiter The Arctic Haze. Den arktiske tåka er eit lag av partiklar; forureining som blir ført med luftstraumane nordover, frå fabrikkar, trafikk og liknande. Ein ser den som regel ikkje, men det kjem an på kva type partiklar den består av og korleis lyset treff dei. Eg trur det er ganske nyoppdaga at forureiningane ikkje bare er lokal og at der er så mykje liv i isen og snøen, så forskarane undersøker dette akkurat no. Det at den enorme isen, faktisk pustar og er full av liv og at vi driv og leitar etter den arktiske tåka fann eg poetisk. Ja, det interesserer meg at faktabaserte formuleringar óg kan vera så poetiske. Sjølve videoen har eg filma frå ein snøskuter-tur med handhalde kamera. Eg forsøka å halda pusten mest mogeleg for å få eit roleg bilete. Men så blei sekvensen så lang at eg likevel trakk pusten fleire gonger, så både lyden og bevegelsen av det er med i filmen. Det er noko med at både eg og isen pustar, det er ein poetisk logikk der som samsvarar med det eg er oppteken av.

randifrottageipraksis_8516Upplever du att du och de forskarna du pratat med kan förstå varandras språk?

Det varierer litt. Eg kan jo forklara min jobb som at eg óg leitar etter noko som eg ikkje heilt veit kva er, eg leitar etter ei glipe, eller det punktet kor det skjer ei slags vridning eller opning i informasjonen. Det har med intuisjon å gjera, og har ingen rasjonell forklaring. I motsetning til forskarane er eg ute etter ein slags emosjonell klaff i det eg ser eller høyrer. Eg trur dei kan sei seg einige i at dei startar med ei problemstilling som dei trur føl ein viss logikk, men så skjer det noko anna på vegen som gjer dei nysgjerrige. Og så tek forskinga ein heilt annan veg enn det dei opprinneleg hadde tenkt. Akkurat den knekken interesserer meg i min prosess óg, der det uventa oppstår noko anna. Men resultata er veldig annleis, forskarar vil jo anten bevisa eller motbevisa ei hypotese, mens eg skal kanskje meir opna opp ei problemstilling. Kunstnarar treng ikkje bevisa noko og kan dermed ha med paradoks, mens forskarar ikkje er så opne for det. Jeg opplevde forresten ein anna ting, i forhold til det politiske, det at nokre forskarar sjølvsagt var veldig engasjerte i klimaspørsmål, mens andre hadde eit tydeleg påbud om å være nøytrale, kanskje særleg dei frå USA, og i starten var det direkte sjokkerande for meg. Men dei kan sjølvsagt ikkje la det politiske overkøyra forskinga, då blir den ikkje teken seriøst.
 

Hur tänker du att man som besökare ska kunna läsa dina verk? Du har ett miljöbudskap som kan synas i dina bilder, men hur politiska och hur poetiska är dina verk egentligen?

Det spør eg meg sjølv óg! Det har noko med det å opna opp og undra seg over kva ting er og samtidig å ta inn over seg kva språklege, materielle og politiske strukturar vi er del av. Frottagane, og møtepunkta mellom isen og kolet, kan vera poetiske, men er óg sterkt politiske, både viss ein tek omsyn til komponentane og til sjølve utføringa av verket. Viss du ser frottagane og ikkje veit korleis dei er laga er det naturleg å tenka at dei er abstrakte bilete. For at verket skal ha noko å seia, så må det vera ei kraft i det som skjer på papiret. Kolet tek fram isen sine former og det kjem fram ein ganske vill abstraksjon som ser svevande ut, og jeg tenker at sjølve bilete kan ha noko med det som faktisk skjer der å gjera. For eksempel den arktiske tåka, som vi ikkje kan sjå. Ein ser jo veldig sjeldan møter mellom is og karbon. Viss vatnet vi drikk var så forureina som lufta ofte er, så ville vi sikkert ha protestert mykje meir, men lufta er jo liksom usynleg. Den forheld vi oss heilt annleis til.

Kan man säga att du använder materialets röst?

Ja. Fyrste gong eg laga frottage 5_pannesigmundRandinygardvar då eg var på ein konferanse på eit skip og las ei bok av Timothy Morton som heitte Den økologiske tanken. Det var veldig mykje bølgjer på turen. Alle tingane mine låg i ei skuff og blei rista av havet, og boka fekk et djupt spor på permen. Eg hadde nett høyrt eit føredrag av ei som meinte at ein ofte misforstår Jacques Derrida. Det er ein postmodernistisk tanke at språket er alt vi har, og Derrida sine teoriar blir ofte tolka som om at vi ikkje kan forstå noko som er utanfor vårt menneskelege språk. Føredragshaldaren hadde ei anna tolking, nemleg at han eigentleg meinte at alt er språk, i lag, på lag, på lag. Både i det menneskeskapte og i naturen. At verken teksten eller konteksten eigentleg begynner eller sluttar der kor språket vårt begynner og sluttar. Der er ingenting utanfor konteksten eller teksten, for alt er innanfor. I forhold til naturen så liker eg å tenka at ulike krefter i naturen skriv, snakkar eller tenker, og at vi menneska er sjølvstendig tankar i naturen sitt språk. Litt seinare var eg på eit opphald for kunstnarar i Dale, og der hadde vi ein dag besøk av Sigmund Skard og han sovna i stolen. Då fekk han slike flotte strekar i panna, som minna meg om teikning og om streken som vart lagd på permen til Den økologiske tanken. Derfor lagde eg en frottage av panna hans, og seinare fire andre personer sine panner. Deretter begynte eg å undersøka stoffet karbon (altså, på bakgrunn av kolet eg teikner med) og vi er jo alle ein stor del karbon. Karbondioksid er jo ikkje nødvendigvis noko dårleg for miljøet, vi treng jo det i fotosyntesen. Men vi har jo forstyrra balansen i karbonkrinsløpet. På ein måte trur eg at samanhengane ligg der og skal bli oppdaga. Eg kan laga ting og få ei sterk kjensle av at dei allereie fanst der.
 

Det litterära, eller kanske snarare poetiska, går igjen i dina titlar. De skulle kunna vara titlar till diktsamlingar lika gärna som till konstverk och utställningar. Kan du berätta om hur du arbetar med titlar?

Randi Nygaard - TSSK - 2017Det varierer, men av og til begynner eg med tittelen, som for eksempel i If You Imagine Cutting the Universe into Pieces, the Different Parts Can Serve as Clocks for the Others 2 (Mountain, Cell, Flower, River, Clouds), eit verk i utstillinga her med fem speglar, kor eg har skrapa vekk det reflekterande materialet i forskjellige mønster frå naturen. Du kan sjå gjennom speglane, lag på lag. Eg lagde ei utstilling i Berlin som handla om tid, og då las eg ein del om det. Eg ville sjå om ein eigentleg kan sei at tida konstant går, og Nils Øvrelid, faren til Munan Øvrelid, kjæresten min, er matematikarar. Han sendte meg ein artikkel om nokre samtidsfysikarar som reknar på tid. Vanlegvis så reknar ein jo tida som ein fundamental struktur som berre går, og som ein målestokk til å rekna ut andre ting med. I artikkelen stod det at det slett ikkje er sikkert at det er sånn, og det var spesielt ein setning eg beit meg merke i; If you imagine cutting the universe into pieces, the different pieces can serve as clocks for the others. I den setningen fann eg ei slags forklaring på det eg allereie lurte på. Det måtte bli tittelen på det verket. Så verket med speglane er eit lett absurd forsøk på å sjå tida oppstå mellom delane i universet.

For nokre år siden las eg ein artikkel om ein savant, ein som hadde ein sjeldan type autisme som gjer at ein er veldig smart. Savantar kan for eksempel læra seg eit språk flytande på ei veke. Han fortalde at han hadde ei intuitiv forståing av form i forhold til tall og ord. For eksempel er ord som begynner med str på germanske språk nesten alltid noko som er langt og tynt; stråle, strek, stripe, strupe, strømpe, og så Straße på tysk. Då kan ein jo óg tenka på dei verba som finst på str, for eksempel strev og stress, kanskje dei óg er lange og tynne? Utifrå hans forklaring av samanhengar i språk og mellom ord som liknar på kvarandre, begynte eg å sjå på orda økologi og økonomi. Det viste seg at dei omgrepa er så komplekse at det var vanskeleg å finna ei enkel form som går igjen i begge, sånn som i de str-ordene. Så eg endte opp med å laga eit system for korleis eg kunne fletta saman definisjonane til orda. Resultatet blei ganske så surrealistiske setningar, som eg laga ein serie collagar etter. Eit anna verk i utstillinga handlar om dei lange tynne orda på str og samtidig om noko som utviklar seg. Det begynner med rette linjer. Når ein teiknar vidare blir linjene skeivare, fordi dei føl og forsterkar feil og humpar i dei forrige. Eg tenker at linja går frå ein strek til ein struktur, som i ei slags språkutvikling. Lengda på den fyrste streken er så lang som Rikoll, sonen min, var då han ble fødd i september i fjor, og den siste er så lang som han var då papiret tok slutt.


Det är en tunn Screen Shot 2017-03-06 at 08.46.37linje mellan det abstrakta och det föreställande i dina verk.T. ex. i frottagena, där du lagt ett papper på olika saker och gnuggat med ett grafitstift över, så att en panna blivit en abstrakt bild, ytan av en bokpärm ser ut som ett landskapsfotografi och ytan på en glaciär bildar oväntade mönster. Du har också gjort skulpturer av böcker och tidskrifter genom att skära i dem och dra ut fragment av bilder mellan sidorna så det har bildats nya sammanhang och abstrakta bilder i skulptural form. Vad sker egentligen när man abstraherar figurativa motiv?

I dei bøkene startar eg med motiva, eg skjer etter formene i det figurative, men det blir fort abstrakt og for meg knyter det abstrakte ting saman. Når eg kuttar i bøkene så kan ein sei at eg eigentleg dekonstruerer dei, men så begynner kanskje linjene å følga kvarandre innover, gjennom lag, på lag, sånn at det oppstår mønster, nesten som årringar i eit tre. Ei figurativ form påverkar ei anna, og den neste blir brutt av den forrige. Det er et paradoksalt forhold mellom det figurative og abstrakte. Bildene opnar seg, men dei blir óg lukka gjennom å bli knytt saman og abstraherte.


Ibland ser jag på verkligheten med en abstrakt blick. Jag kan ta bort vad saker betyder, och bara se formerna eller mönstrena, och på så sätt upptäcka sammanhang och överensstämmelser. Överallt finns kompositioner av färger och former, som är ett eget språk som pågår hela tiden runt oss.

Ja, og som eigentleg påverkar oss heile tida. Viss eg synest at eit bilete er sterkt nok så har det med den abstrakte komposisjonen å gjera. Eg tenker at den abstraksjonen som flyt gjennom det figurative, det er ei vital kraft som eg ønsker å få fram. Og ideelt sett så er det er noko mellom mine eller våre tankar og materialet som kan skapa den krafta. Abstraksjon er jo interessant særleg i forhold til språk, fordi orda betyr jo ting, men sjølve språket er ein abstraksjon. Sjølv om det er noko heilt konkret som for eksempel ein frosk, så er jo ikke ordet frosken. Eg vil gjerne føra saman gapet mellom representasjonsnivåa, men utan at noko blir heilt lukka, det skal heller opna seg noko anna samtidig.

1_folgefonnawebDet finst utruleg mange kognitive dissonansar i mennesket sitt forhold til naturen. Ein meiner noko, men gjer noko heilt anna, som for eksempel å reisa til Svalbard, eller fly over heile jorda, sjølv om ein er oppteken av klimaendringane. Det eksisterer ein romantisk eller nostalgisk idé om at naturen på Svalbard er urørt, og det vil vi oppleva. Men viss det skal kunne finnast urørt, vill natur, så burde vi jo ikkje reisa dit og påverka klima, og ikkje eg heller. Det at fleire turistar og forskarar reiser opp dit no på grunn av fokuset på klimaendringane, er eit paradoks. Eg er ikkje sikker på om eg skal tilbake dit, viss eg skal laga fleire isfrottagar så blir det på den isbreen som eg vaks opp i nærleiken av, Folgefonna.


Återkommande i ditt konstnärsskap är ditt arbete med speglar. Berätta om din fascination av dem!

Det er jo eit så fascinerande material. Det at du kan setta opp ein spegel og så sjå ein identisk, men spegelvendt kopi av deg sjølv. Tenk at vatn reflektererer og at lyset blir så nøyaktig reflektert at det blir skapt eit bilete. I spegelverket som vi var inne på, korr eg har skrapa vekk det reflekterande materialet i speglar i forskjellige mønster, og satt fleire av dei bak kvarandre. Dermed oppstår nye bilete avhengig av kvar du står og ser verket frå. Du ser óg deg sjølv, men det er som om du ikkje forstår at det er deg sjølv ved fyrste augekast. Kanskje trur du eit halvt sekund at det er nokon andre som ser på deg, eller det er som om ein annan i deg ser deg. Refleksjonar er strekt knytta til identitet, og det fascinerer meg på fleire nivå. Samtidig brukar eg spelane nettopp til å setta oss saman med andre ting og inni andre samanhengar.


Dina verk har många öppningar och lager i sig, och du är tydligt förankrad i filosofi och vetenskap. Samtidigt finns där en uppenbar koppling till det ordlösa och andliga i tillvaron. Som ett konstaterande pekar du på det vi har här, livet i stunden.

Eg prøver å gjera enkelte verk universelle, utifrå ein måte å oppfatta verda på som eg meiner ligg i botn av mennesket, men som vi forlet på grunn av kulturelle strukturar eller måtar å tenka på. Eg trur alle undrar seg over noko av det same, og at mennesket har augneblikk kor ein opplever eit så sterk nærvær at skilja mellom ein sjølv og andre, eller naturen heilt forsvinn. Når eg var lita hadde eg ei sterk eksistensiell oppleving, det er ei slags grunnoppleving som eg trur eg vil ha med meg heile livet. Eg veit ikkje hvor gammal eg var, men tvillingsøstra mi og eg var på butikken med foreldra våre, som stod og snakka med naboane. Plutseleg forstod eg at eg ikkje kom til å bli nokon annan enn meg sjølv, og eg blei heilt ør, fordi det var så merkeleg. Herregud, skal eg aldri bli nokon andre? Og så såg eg på fjellet utanfor butikken på ein heilt annan måte enn før, og forstod at eg aldri skulle bli det fjellet! Før det hadde eg tatt det for gitt at eg kunne bli nokon andre, eller eit fjell, og no forsvann plutseleg det potensialet, før eg hadde formulert tanken i hovudet mitt. Fortsatt kan eg kjenna den veldige undringa i kroppen, og fordi minnet er så sterkt, så er det akkurat som om eg fortsatt kan vippa over til eit kanskje, at kanskje går det an, likevel.

Filosofen Henri Bergson seier ein stad at fysiske objekt kanskje er heilt annleis enn slik vi opplever dei, men at dei like mykje óg er dei bileta og sansingane vi får av dei. Så noko blir verande ukjent. Og eg liker å tenka at frå dette ukjente strekker bileta av tinga seg frå verda mot oss, ja, heilt inn i oss, når vi ser og sansar dei.


Är det inte på grund av sådana upplevelser vi i västliga kulturer haft en förkärlek för romantiken?

Ja, det trur eg. Den opplevinga av å vera eitt med noko større kan jo vera veldig skremmande fordi ein mister sin eigen identitet. Men samtidig er kan det óg vera ei positiv oppleving av det at det finst ei meining med livet.


Randi Nygård, Isbreen pustar mens vi leitar etter den arktiske tåka står til 12. mars 2017 på Trøndelag Senter for Samtidskunst



Related news

No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed