Skriv ut siden

Illusjonar og reproduksjonar

Intervju Av Øyvind Rongevær Kvarme (18.06.2015 19:01 | Sist endret: 19.06.2015 09:13)

Idun Baltzersen (N) og OLYMPUS DIGITAL CAMERAKristie MacDonald (CA) er residenskunstnarar på Lademoen Kunstnerverkstader i juni. Øyvind Rongevær Kvarme møtte dei på Babel, der dei nett hadde starta å henge opp utstillinga si, for å slå av ein prat om kva dei arbeidar med og kva ein kjem til å sjå i utstillinga:


Idun Baltzersen: Alt du ser her er laga spesifikt til denne utstillinga. Eg plar eigentleg å bruke lang tid på å jobbe med verka eg skal stille ut, men til denne utstillinga har me begge berre brukt dei to vekene me har vore i Trondheim.

Øyvind Rongevær Kvarme: Så ein kan kalla det ein slags ekspressproduksjon? De stiller berre ut saman fordi de begge er residenskunstnarar på LKV. Likevel må eg innrømme at de verkar som ein god kombinasjon – syns de det sjølve?

Kristie MacDonald: Me har nok enkelte liksskapstrekk. Eg trur me begge arbeider med nokre av dei same spørsmåla, men med ulike tilnærmingar. Me er begge interesserte i ulike typar arkiv eller samlingar, reproduksjonar og rekontekstualiseringar. I verka mine bruker eg bitar av papir, lappar folk har notert noko på eller fotografi – det nokon ville kalla søppel – ulike ting eg har funne og samla på. I det siste har eg reprodusert slike små papirobjekt for å laga ein kopi likast mogleg ”originalen”. I denne utstillinga vil ”originalen” og ”kopien” vere spegla, reversert.

IB: Ein kan sei at eg òg jobbar med objekt eg har funne eller, rettare sagt, eg samlar på bilete. Teikningane og trykka du ser her er reproduksjonar av bilete eg enten har søkt etter på Google eller teke frå reklamar, og nokre er faktisk frå Tinder-profilar. Men eg reproduserer ikkje for å lage eksakte kopiar; eg teiknar bileta om att og skapar dei slik om til nye bilete, som eg stiller ut saman så dei fortel eit anna narrativ. Til denne utstillinga har eg konstruert ei forteljing om ei post-apokalyptisk verd der nokre menn er på jakt etter den siste Dressmann-butikken.

ØRK: Idun, du seier at du faktisk lagarOLYMPUS DIGITAL CAMERA bileta, er dette viktig for deg?

IB: Ja, eg higer etter den prosessen det er å laga dei. Vanlegvis lagar eg kunstnarbøker av tresnitt. Noko som er overraskande fysisk arbeid, fordi eg må laga pressa sjølv, og både sy og binde boka for hand – og nokre gonger skadar eg meg sjølve i prosessen. Men det er verdt det, for det vert ein del av det ferdige verket.

ØRK: I staden for å berre stille ut ”screenshots”, tek du desse digitale bileta, som me kan finne kor som helst og når som helst, og gjer dei om til noko som ikkje er så direkte og til ganske fysiske objekt.

IB: Eg brukar mykje tid og energi på reproduksjonen; det er eit stykke arbeid å gjere om bileta. Når eg teiknar dei om på denne måten får bileta naturleg nok dei same estetiske kvalitetane. Dei vert på ein måte same familie og såleis lesne saman – folk veit ikkje alltid at dei kjem frå eller refererer til noko heilt anna.

Sjølv om fargane er ganske diskré, er dette fyrste gongen eg faktisk tar i bruk fargar på papiret – eg har alltid brukt heilt kvite ark. Det er ikkje berre fordi eg ynskjer å inkorporere meir fargar reint visuelt, men det gjer òg bileta meir fysiske. Ein kan sanse materialet meir.

KM: Ein tydleg forskjell eg harKM_OverAndAgain_ReferanceMaterials lagt merke til ved verka våre er at dei objekta eg jobbar med er meir tekst-baserte, medan Idun sine verk er meir biletlege, men ser begge på papir som objekt. Som noko reint fysisk i verda. Når det kjem til min prosess arbeidar eg med det materielle objektet, men skannar det og manipulerar innhaldet i ein digital prosess. Med andre ord går eg frå det fysiske objektet, til det digitale, for å så kome tilbake til det materielle.

For å kopiere eit objekt må eg markere og isolere kvart enkelt element digitalt før eg kan reprodusere det med inkjet-print eller med eit slags reliefftrykk. For eg er òg interessert i å etterlikne meir tilfeldige detaljar som at papiret er reven eller liknande. For å få det til lagar eg malar i tre eller metall, som eg bruker til å rive papiret slik at det vil sjå likt ut som objektet eg ynskjer å kopiere. Om nokon til dømes har skrive for hand med ein penn, lagar eg reliefftrykk. Deretter blandar eg blekket for hand for å få det til å likne fargen på pennen som er blitt brukt. Det er ein intrikat prosess.

ØRK: Korleis vel du kva objekt du ynskjer å etterlikne?

KM: I tillegg til å vere kunstnar jobbar KM_HighWindsMiddletownCincinnati_smalleg som arkivar, og då er ein jo mest interessert i å skaffe så mykje informasjon som mogleg om ei hending eller eit objekt; men når det kjem til objekta eg vel å arbeide med er det faktisk mangelen på informasjon som interesserer meg – mangelen på informasjon og korleis objekta viser til noko meir.

I dag lev me i ei verd der informasjon om alt mogleg er tilgjengeleg til alle tider – me kan finne tekst, bilete, kva som helst, på eit augneblink. Til dømes kunne eg enkelt ha søkt opp telefonnummer eller anna informasjon eg finn på desse lappane, men den ufortalte historia er mykje meir spanande; for uansett kor mykje informasjon ein har tilgjengeleg må ein jo alltid gjer eit tolkingsarbeid.

IB: Eg jobbar ofte med kjønnsstereotypiar og til nokre av verka mine søkte eg enkelt og greitt etter ”the evil woman” på Google, og heilt umiddelbart gav internett meg desse døma på korleis ”den vonde kvinna” ser ut.

ØRK: Eg legge merke til at ein kan ikkje sjå ansikta til kvinnene?

OLYMPUS DIGITAL CAMERAIB: Dei ser vekk, dei har snudd seg bort frå publikum så dei ikkje fell under tilskodarens blikk. Me får ikkje sjå kva dei held på med, dei held på med si eiga greia.

ØRK: Begge to arbeider med ulike hierarki, ikkje berre i kunstverda, men òg når det kjem til korleis me ser eller opplev noko som verkeleg?

KM: ”Kopien” har ofte desse negative konnotasjonane med seg. Spesielt i kunstverda har me jo hatt nokre vedvarande hierarkar; til dømes vert jo det ”originale maleriet” heldt høgt, medan medium som tar i bruk kopien  vert sett på som mindre verdifult. Kopien er ei løgn; den er falsk og berre ein illusjon, og difor ikkje så bra som ”originalen”. Men det å kopiere er noko me gjer kvar dag og er eigentleg ei veldig nyttig og verdifull handling – det er jo gjennom kopiering me lærer.

IB: Når eg teiknar om att desse digitale bileta – som vert mi versjon av kopiering – og brukar dei i ein anna kontekst får dei òg ein ny verdi. Publikum ser og opplever dei annleis; plutseleg er desse ikkje så verdifulle bileta, som ein finn overalt, blitt omgjort til noko anna og fortel eit ganske anna narrativ.

KM: Du kan sei at me skapar ulike typar illusjonar – både narrative og materielle illusjonar.

ØRK: Kva er planane framover no?

KM: Eg kjem til å vera på LKV fram til enden av juli og arbeide med nye prosjekt. Og sidan eg for tida er tilbake på skulebenken, skal eg førebu meg til masterutstillinga mi som skal vere i april ved York University i Toronto, Ontario Canada. Eg skal i tillegg delta på gruppeutstillingar ved både Martha Street Studio, i Winnipeg, Manitoba Canada, og MacLaren Art Centre i Barrie, Ontario Canada – så ja, eg skal tilbake til Canada.

IB: Medan eg er her på LKV held eg på med eit stort tresnitt som førestiller ei jente som ser på en hest. Det skal visast på ei utstilling på Kunstnerforbundet i Oslo frå 17. september til 18. oktober. Utstillinga kjem til å ha fokus på ”figurasjoner” – trur den skal heite ”Figurasjoner” òg, men eg er litt usikker. I høst skal eg og på residens på NK Dale, kor eg håpar å kunne arbeide vidare med tresnitt og bilete som objekt. Eg har ikkje nokre konkrete planar, men kunne tenke meg å bygge noko stort og tredimensjonalt.


Utstillinga ”Illusions and Reproductions” står frå 19. juni til 28. juni på Babel Visningsrom for Kunst.



Related news

No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed