Skriv ut siden

«Fly Me to the Moon»

Kritikk Av Øyvind Rongevær Kvarme (29.03.2016 15:34 | Sist endret: 30.03.2016 10:15)

Kor har du lyst å AOL_4007reise? Cloud City? Utopia? Planet X? Noko av det fyrste du får auge på når du besøker TKM Gråmølna for tida er ei stor oversiktstavle over avgangar til ulike fiktive destinasjonar teken frå filosofi og science fiction: For fjerde gong har Espen Gangvik og kompani landa sitt høg-teknologiske (rom)skip i Trondheim, denne gongen berre for å invitere oss med til å reise bort igjen, til stjernene og (u)kjende planetar. Årets Meta.Morf, med undertittelen Nice to be in Orbit!, tar føre seg interstellare reiser og ideen om mennesket i rommet.


I år som i forfjor har forskjellige museum og galleri blitt tatt i bruk for å huse eit omfattande program av utstillingar og arrangement, men denne gongen har Gangvik sloppe dei kuratoriske spakane og latt kvart enkelt visningsrom få sette saman sine eigne utstillingar til programmet: Som i ein science fiction-film, har romvesen infiltrert kjente og kjære slik at dei, utan å endre for mykje verken på utsjåande eller oppførsel, lystrar deira ønskjer. Dette medfører til dømes at Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum – som for fyrste gong er med i biennalen – stiller med ei utstilling av det futuristiske interiøret til Verner Panton frå 1970-talet. Ei utstilling som ikkje direkte tar i bruk ny eller banebrytande teknologi og like gjerne kunne vore ein del av museets overordna program og profil. Ei slik kuratorisk frigjering vitnar om at biennalen har slått rot i byen og at den kan leve på eigehand, noko som opplevast både konstruktivt og verdifullt.

AOL_3955Det er allereie ymta at årets biennale er for optimistisk, og ja, den framstår som leiken, fantasifull og kunnskapsrik, men det er ikkje berre vonfulle framtidsvisjonar som vert presentert. Med populærkulturelle filmar som Gravity (2013), Interstellar (2014) og The Martian (2015) har interessa for mennesket i kosmos vore stor i det siste, men tematikken er jo inga nyvinning. Då ein skulle tru at eit tema som intergalaktiske reiser ville i større grad peike mot revolusjonerande og uante teknologiske løysningar som kan føre oss langt inn i både tid og rom, vert eg overraska over kor mykje nostalgi og historiefortelling som ligg mellom leidningane – men som biennalen sjølv påpeiker er det allereie 70 år sidan jorda vart fotografert frå utsida av V2-raketten.

Det er sjølvsagt ikkje mangel på Meta.Morf sine meir typiske framtidsretta teknologiprosjekt. I utstillinga Nice to be in Orbit!, kuratert av Alex Adraansens (co-kuratert av Gangvik), finn du, i TKM Gråmølna sitt mest sentrale rom, installasjonen Aerocene; store ballar, utførd i transparente og sølvfarga materiale, som i fylgje katalogteksten er sjølvsvevande utan hjelp frå verken gassar eller eksterne energikjelde. Vidare finn ein verket Adrift som blant anna visualiserer jorda og alt skrapet som flyt rundt oss gjennom eit hologram. Prosjektet Drosophila Titanus har som mål å skape ei bananfloge som kan leve på Saturns største måne ved å bruke kunstig seleksjon – eit prosjekt som eigentleg er umogleg å gjennomføre. Med andre ord er det fleire interessante prosjekt som appellerer til teknologientusiasten, men nokre prosjekt kunne med enkelheit komme med noko enklare skildringar – slik som den vakre installasjonen Earth Star, som eg framleis er usikker på korleis faktisk fungerer.

AOL_3900Eit prosjekt eg syns det er verdt å skildre nærare er Moon Goose Analogue: Lunar Migration Bird Facility. Den tyske kunstnaren Agnes Meyer-Brandis har, i litt likskap med Drosophila Titanus, oppdratt elleve utrydningstrua italienske gjess til å bli det ho kallar ”månegjess”, ein spesiell type fugl som kan fly mellom jorda og månen. Ideen har ho teke frå boka The Man in the Moone frå 1603, der hovudkarakteren reiser til månen ved hjelp av spesielle månegjess. Prosessen med å oppdra fuglane vert formidla gjennom ein sjarmerande dokumentaretterliknande film der me får sjå korleis dei må gjennom tradisjonell astronautopplæring så vel som meir ordinær fuglelæring. På veggen heng det staslege portrett av kvar enkelt fugl, med namneskilt og flagg, i tillegg kan du interagere (eller ha oppsyn) med fuglane gjennom eit kontrollrom i utstillingsrommet. Eit prosjekt som elegant og humoristisk kombinerer historie og fiksjon med teknologi og fakta – det er rett og slett underhaldande science fiction.

AOL_4735Som alle gode biennalar har Meta.Morf eit satellittprogram. Denne gang er det til dømes We hold this Myth to be Potential, der det teoretiske perspektivet afrofuturisme vert undersøkt gjennom ei utstilling – kuratert av Florian Schneider og Annett Busch – performance, filmvisningar og føredrag. Programmet er eit resultat av Kunstakademiet i Trondheim si eiga forsking på omgrepet. Afrofuturisme er det ikkje umiddelbart enkelt å få tak på; ein idé, ein mellom anna knyt til jazzmusikaren Sun Ra (1960-talet), som blandar fortid, notid og framtid; historie, science fiction og fantasi, for å belyse spørsmål om rase og makt. Sun Ra konstruerte ein fiktiv og metaforisk mytologi der den ”svarte mannen” er eit slags romvesen frå framtida, og kosmos representerer ei form av eksklusjon, men samtidig er ein stad som kan bli hans eigen. Eit døme frå utstillinga er den 64 minuttar lange filmen Le President: Bygd opp som ein dokumentarfilm, men satt i Kamerun 2025, for å kunne sjå for seg ei potensiell framtid, i eit land der ein ofte fokuserer på fortida. Afrofuturisme framstår som eit interessant perspektiv til å undersøke historia i nytt ljos, redefinere både den og framtida gjennom spekulasjon og fiksjon – kven eig framtida og kven har rett til å spekulere i den?

Styrken med biennalar er at ulike perspektiv og synspunkt blir presentert under ein paraply, og at ein kan dra nytte av synergien som vert produsert. Difor er det synd at programmet på KiT berre varar i ti dagar, for ideane som blir presentert der kan fungere som eit fruktbart forståingsgrunnlag for å undersøke dei andre delane av programmet – slik som Meyer-Brandis sitt månegjess-prosjekt. Heldigvis vil fleire utstillingar og program dukke opp under årets biennale si levetid. På Trøndelag Senter for Samtidskunst vil videoprogrammet Lost in Space, kuratert av Jeremy Welsh, bli syna med eit tilhøyrande seminar. På Babel får du sjå utstilinga Vertigo, kuratert av Margrete Abelsen og Eirik Havnes, og ved Trondhjems Kunstforening dukkar utstillinga Manual Mode, via tekstilkunstnaren Kristin Sæterdal, opp.

Eller ta til dømes utstillinga AOL_4461Inner and Outer Visions på Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, kuratert av Thomas Flor: Ei utstilling som viser det eklektiske og futuristiske interiøret til Verner Panton frå 1970-talet – ti år etter han skapa det sagnomsuste designet til Astoria i Trondheim. Det er gøy å sjå at den mørke Hannah Ryggen-hallen blir brukt til noko anna og utstillinga vil nok trekke folk utanfor Meta.Morf sitt typiske publikum. For Inner and Outer Visions speler i hovudsak på nostalgi og peiker bakover til 1960- og 70-talet, ei tid der romkappløpet var i full gong og at mennesket sitt faktiske og fysiske nærvær i kosmos var eit banebrytande faktum. Det er friande med ei utstilling der teknologiske innretningar ikkje blir hovudfokuset, og som heller seier noko om den kulturelle påverknaden visualiseringa av ei interstellar framtid har hatt - designet har jo allereie blitt ein del av bilete av korleis me ser for oss at reiser i rommet kan sjå ut. For romfart er jo ikkje noko nytt, det er allereie ein del av historia; det er rundt 50 år sidan både Neil Armstrong sat bein på månen og Verner Panton designa sine futuristiske interiør.

Tilbake på TKM Gråmølna finn eg ein 1960-tallskoffert med ulike dokument frå same tiår – etterlatt av den italienske kunstnaren Pamela Breda. Dokumenta er attskapte forskingsessay, stjernekart og romskipsmanualar – alt ein treng for å reise til Planet X eller Cloud City. At mennesket om få år skal busetje seg på planeten Mars opplevast liksom ikkje som noko framand science fiction. Denne futuristiske tanken er allereie ladd med fortid og historie; det ligg ei fortelling mellom i dag og 1960-talets romforsking. Ved å kombinere fiksjon, fortid, notid og framtid, det faktiske med det spekulative, tematiserer ikkje berre Meta.Morf, Nice to be in Orbit! ei potensiell nær interstellar framtid, men òg ei nær fortid.

Det er berre å hoppe på neste romskip utan returbillett.


Meta.Morf 2016 åpnet 10. mars og pågår ufortrødent til 8. mai inneværende år.
Les også intervju med Espen Gangvik i Romfølelse
Utstillinger dokumentert hittil i mars: TKM Gråmølna, Nice to be in Orbit!, Galleri KiT, We hold this Myth to be Potential, og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Inner and Outer Visions



Related news

No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed