Knut Ivar Aaser og Camilla Steinum, Galleri Blunk



View Slideshow

Kromglans - Knut Ivar Aaser og Camilla Steinum på Galleri Blunk, 15.-17.10.10

I det ein stig inn i rommet vert ein til ein viss grad overraska sidan rommet verkar nesten tomt. Fargen og glanse frå objekta på golvet gjer at ein kan misse dei ved første augnekast. Utstillinga består i ein serie små objekt med ein meir eller mindre klar samanheng i form og material mellom dei. Ein liten skjerm på veggen viser ein videoloop der kamera observerer glansen i ein båt frå ulike vinklar om og om igjen. To små rammer viser collage av små ting som ein kan tenke seg å finne i kven som helst sin leilighet – litt tråd, eit stykke papir, eit kort, til og med eit par vengjer frå eit insekt.

Etter kvart som rommet fylles av folk vert delar av utstillinga borte blant store føter og opptil fleire gongar blir ting nesten tråkka ned av eit observant publikum. Enkelte kommenterer litt irritert at «Dette er jo nesten ingenting!». Medan andre igjen ser ut til å fryde seg med det enkle uttrykket over utstillinga. Ein kan kjenne seg stor og klumsete i forhold til dei små klumpane på golvet og ein innser at ein må skjerpe seg for å få med seg alle små detaljar.

Det er ein tematikk som er til å kjenne igjen; det underfundige og spesielle i kvardagslige element. Dei sårbare og små samansetningane som ein ofte går forbi og gjerne fjernar utan å legge merke til. Historisk sett har ein i Norden vore opptatt av å vise element som gir assoiasjonar til det kvardagslige og ofte blir materiala tillagt ein verdi i seg sjølv. I dette tilfellet er det tydeleg at fokus i hovudsak er retta mot korleis me opplever oss i forhold til elementa i utstillinga. Målet er ikkje å skape bilete av kvardagslige ting men å gjenskape i oss kjensla av å oppdage og avdekke.

Det kan vere enkelt å avvise denne typen uttrykk som for stusselige eller enkle og banale. Men den tydelig sårbarheita vert på mange måtar det sterkaste aspektet av utstillinga. Konseptet er gjennomført utan kompromiss og alle element fører med seg ei meining til det endelege resultatet. Utstillinga passar godt inn i formatet det blir tilbudt; lokalet. sånn sett utfyller utstilling og galleri kvarandre.

Av Karl Olav Lunde


No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed