Gunnhild Torgersen, Galleri Blunk




View Slideshow

THE DELIGHT OF HAVING NO NAME

Gunnhild Torgersen, Galleri Blunk 17 - 19 februar 2012. 

”Sunk for a long time in profound thoughts as to the value of obscurity, and the delight of having no name, but being like a wave which returns to the deep body of the sea……” Virginia Woolf, Orlando

I utstillinga the delight of having no name på Galleri Blunk viser Gunnhild Torgersen hennar arbeide som omarbeidar informativt materiale gjennom skulpturelle og fotografiske verk i seriar av fysiske transformasjonar. I verka presenterte har Torgersen tatt utgangspunkt i installasjonen med same tittel; ei samling oppmalte romanar støypte tilbake i sin eigen perm og deretter tørka til små forvridde objekt. Brukte bøker har utviska signaturar i butikken, ein sensur av tidlegare eigarskap og eit fenomen som er overført til arbeida i utstillinga.

Dei støypte objekta har utgangspunkt i litteraturens parallelle univers men lausriver romanane frå sin funksjon; innehalda eksisterar no berre i lesarens erfaring - men her er også lesaren/eigaren anonym - og der boka mister sitt system av meining fungerar den som verktøy for kunstnaren å bygge eit nytt fysisk språk med der fråværet av bokstavar er nødvendig

Det nødvendige fråværet relaterar til distansen mellom bodskap og objekt, bevegelsen til ein tilstand skild frå kroppen men fysisk bunden til prosessen; meiningar løyst opp i oversettinga med ei forståing som ikkje binder oss til orda.

Prosessen er verket eller verket er prosessen, det som tilsynelatande har ein malerisk kvalitet er produksjonsrammer, arbeidsunderlag og resulterande verk frå den fysiske aksjonen der objekta og fotografia knyter kunstnaren, forfattaren, staden og verket saman og er kompromisslause i sine detaljar. Gjennom stega av transformasjon kjempar språket med hindera mellom oss og forståinga, og med det skapar det ein ny kontekst der meining og informasjon vekslar posisjonar.

Å brenne ei bok, destruere den, fjerne språket; ei tilsynelatande symbolsk handling, men også meiningslaus og med eit sterkare potensiale i ei tid der informasjon og kommunikasjon hyppig skiftar kanalar og aukar i mengd og relevans med stadige avbrytingar og oppdelingar.

Torgersen er utdanna ved Konsthögskolan i Malmö der ho tok sin MFA-eksamen våren 2011, og ho bur og arbeidar no i Malmö.


No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed