Liva Mork, Galleri Blunk



View Slideshow

Liva Mork, Chambre De Bonheur på Galleri Blunk 28 - 30 Oktober 2011

Installasjonen Le Veinard av Liva Mork; eit rulettbord der publikum kan prøve lykka. Galleriet var i utstillingsperioden gjort om til eit kasino.

Kasinoet er ei fiktiv verd. Eit slags eventyrland der alt kan skje. Spelet kan gå bra eller dårleg, det kan gje gevinst eller tap? Det kan vere rein underhaldning og det kan legge livet i grus for han eller ho som taper alt. Spelet kan gje håp om ein stor pengepremie og lykkefølelse om ein skulle vere så heldig å vinne. Kva er det med spel som fascinerer så mange og som gjer at det har så sterk tiltrekkingskraft? Er det berre håpet om pengar, eller er det òg spelet i seg sjølve, uavhengig av utfall? Og korleis legg speleindustrien (kynisk) tilrette for mest mogleg spel?

Le Veinard er Liva Mork sitt eige kasinomerke, og kasinoet har vore operativt ved fleire høve, både på Stenersenmuseet, Skulpturarena Öst og Sound of Mu i Oslo. Dette er fyrste gong kasinoet vert vist i Trondheim.

Chambre De Bonheur på Galleri Blunk 28 - 30 oktober 2011


No Comments

Add a comment:

*Required fields




Subscribe to comments RSS Feed